Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Sykkylven Brannkasse: Vi fyller 140 år – og bygda får gåva

January 15 @ 18:00 - 19:30

I 2026 fyller Sykkylven Brannkasse 140 år, og det vil vi feire saman med bygda. Torsdag 15. januar kl. 18.00 inviterer vi til jubileumsmarkering på Næringsfabrikken. Bli med når gåva til bygda skal opnast! Det blir kake, kaffi, underhaldning og basar.

Kundeeigd og lokalt forankra

Brannkassene har røtene sine på bygda, der dei første lokale brannforsikringsselskapa blei oppretta då hus- og gardsbrannane stadig tok fleire offer og grannehjelpa ikkje lenger var tilstrekkeleg.

Sykkylven Brannkasse er lokalt eigd og styrt av kundane. I tråd med tradisjonen for grannehjelp deler brannkassene overskotet sitt med kundane sine og lokalsamfunnet.

– Vi er stolte av å kunne gi jamlege tilskot og støtte til lokale lag og organisasjonar, seier Magnar Kvalvåg, dagleg leiar i Sykkylven Brannkasse.

Bygda får gåva

I samband med 140-årsjubileet inviterer vi heile bygda til feiring på Næringsfabrikken torsdag 15. januar kl. 18.00. Her får bygdefolket vere med når jubileumsgåva til bygda blir avslørt.

Det blir kake og kaffi, song ved Lena og Anette Fet, humorshow med Olga-Palma og Erna, korsong ved Hauhelljå – og basar med flotte premiar.

Arrangementet er gratis, men det er begrensa antal billettar. Førstemann til mølla!

Påmelding skjer til Sykkylven Brannkasse på telefon 70 25 11 11.

Details

Venue

  • Næringsarenaen
  • Sykkylvsvegen 125
    Sykkylven, 6230 Norway
    + Google Map
  • Phone 95053210