Korleis skape meir verdi i ei bransje i endring

BYGGKRAFT er fagdagen for leiarar i bygg-, anleggs- og eigedomsbransjen som kjenner at tempoet aukar, og at vala blir viktigare. Krava skjerpast, teknologien flyttar grenser, og rommet for feil blir mindre. Samstundes skal det leverast lønsame prosjekt, utviklast folk og takast avgjerder som får store konsekvensar over tid. I dette landskapet trengst det arenaer som går rett på det som betyr noko. BYGGKRAFT er etablert for nettopp dette.

Ein heil dag for bygg, anlegg og eigendom

Gjennom dagen blir aktuelle tema løfta fram og sett i samanheng: utviklinga i næringa, nye arbeidsmåtar, teknologi, samspel i prosjekt, og kva som faktisk gir verdi over tid. Like viktig er møta mellom menneske som står i dei same vurderingane, med ansvar for både drift i dag og utvikling i morgon. BYGGKRAFT 2026 samlar leiarar, mellomleiarar og nøkkelpersonar frå heile verdikjeda; entreprenørar, byggherrar, eigedomsutviklarar, rådgjevarar, finansmiljø og offentlege aktørar.

 

Ein fagdag for dei som vil vere med og forme kvar bransjen går vidare.